Vegard Holum Sings - ein hyllest til Chet

Vegard Holum med band

Forestillinger

Henter programmet

Oppvaksen i ein musikkfamilie omgitt av kor og song vart Vegard Holum tidlig opptatt av melodien. Korleis den heilt på egenhand kan skape spenning og brått bli kraftfull eller mjuk i møte med andre musikalske elementer.

Som aspirerende jazztrompetist retta han fort merksemda mot sjølve nestoren innen melodisk trompetspel, Chet Baker.

Hans uanstrengte og horisantale melodiføring over hyppige akkordskifter var djupt fascinerande. Ingen behov for å imponere eller flashe sin trompetbriljans. Han berre var musikken.

No ønsker Holum å dykke ned i Baker sitt musikalske univers. Han har plukka ut sine favoritter frå katalogen og tar på seg rollen som både trompetist, vokalist og bandleder. For å tolke musikken har han fått med seg eit stjernelag av lokale musikere og saman vil dei hylle «The Prince of Cool».

Vegard Holum - trompet og vokal
Norvald Dahl - piano
Lars Martin Vik - bass
Børre Dalhaug - trommer

Salen er rigga med flatt golv og småbord. Det er fritt seteval. For reservasjon av bord, kan de sende e-post til sjoborg@ulstein.kommune.no.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 320,-