Operatur til Opera Nordfjord

Forestillinger
Henter programmet
Bli med til Opera Nordfjord når det igjen duka for ny Carmen-feber på Eid, med eit flott kunstnarisk team og eit spennande solistlag.
Operaen er så heldig å ha fått tak i mezzosopran Lilly Jørstad som Carmen, Simen Bredesen som Don José, Cleo Lee-McGowan som Micaëla, Magnus Dorholt Kjeldal som Escamillo, Elisabeth Gimmestad som Frasquita, Cecilia Lund Tomter som Mercedes, Markus Bjørlykke som Remendado, Lars Eggen som Dancaire, Espen Langvik som Morales og Trond Gudevold som Zuniga.
I tillegg får vi oppleve eit stort operakor, derav òg eit stort damekor er sjølvsagt, og igjen skal eit stort barnekor få glitre på scena, som for 17 år sidan. Opera Nordfjord gler seg stort til igjen å gi liv og form til denne fantastiske operaen, som er ein av dei mest kjende og mest spelte operaene i verda.
Sjøborg kulturhus set opp busstur til og frå Ulsteinvik, og har reservert gode billettar til førestillinga laurdag 10. oktober.
Billettpris kr 700,-
Billetten inkluderer bussreise (125 kr) og inngangsbillett (575 kr) til førestillinga.
Avreise frå Ulsteinvik skysstasjon kl 14.30, operaen startar 17.00. Heimreise like etter ferdig førestilling.
Frist for kjøp av billettpakkar er sett til 20. september.