Pinocchio

Forestillinger
Henter programmet
Kva skjer når ei tredokke plutseleg får liv – og vil bestemme sjølv?
Historia om Pinocchio har gledd generasjonar i bok, film og teater. No løftar Teatret Vårt eitt av verdas mest kjende eventyr til scena i ein splitter ny versjon. I det unike møtet mellom sandanimasjon og skodespelarar blir ei magisk verd trylla fram. Saman med tredokka vaknar eventyret om Pinocchio til liv.
Gepetto ønskjer seg eit barn meir enn noko anna. Ein dag går ønsket i oppfylling når ei fe vekkjer ei av dokkene hans til live. Pinocchio er ustyrleg, nysgjerrig og full av eigne idear. Når ein krangel går for langt, rømmer han heimanfrå. Dermed byrjar eit stort eventyr. Når dei til slutt møtest igjen, står Pinocchio overfor det største valet av alle.
I Teatret Vårt si tolking av den klassiske historia blir alt skapt framfor augo dine. To skodespelarar deler scena med sandkunstnarane Olga Kryzhanovska og Svitlana Danilchenko, som trollbatt publikum i Norske Talenter. Med sand og lys tryllar dei fram Pinocchio si verd. Andlet veks fram, havet bølgjer, landskap endrar seg – og på eit lite sekund kan alt bli snudd på hovudet.
Ta med familien og opplev ei varm, spennande og leiken forestilling om mot, fantasi og det å vere god nok akkurat slik ein er. Ei magisk reise for alle som har kjent på ønsket om å vere noko meir, noko anna, eller akkurat den ein er.
Varigheit Om lag 1 time
Passar for Familieframsyning
Dramatisering og regi Kjersti Sandal
Komponist og lyddesign Sindre Klykken
Sandanimasjon / lysteater Olga Kryzhanovska og Svitlana Danilchenko
Lys Lasse Skrivarhaug
Kostyme Elin Berg
Skodespelarar Fride Snipsøyr Holøs og Kornelia Melsæter
Tilrådd alder
Barn frå om lag 4–5 år kan òg ha stor glede av opplevinga saman med vaksne, men tematikken og uttrykket er særleg tilpassa barn frå skulealder og oppover.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris
Voksen kr 270,-
Born kr 270,-
Gruppe (min 4 pers) kr 210,- / pers