Smak av mannskor

Bilde av Ulstein mannskor med dirigent Robert Skeide i front.

Forestillinger

Henter programmet

Sidan 2011 har Ulstein Mannskor arrangert kyrkjekonsert under Ulsteindagane «Smak av Ulstein» og har kvart år hatt gjestekor med, både frå nært og fjernt, ja heilt frå Trøndelag og Estland 13 ulike kor har delteke!

I år er det Grimstadkoret frå Hareid som er gjestar på denne tradisjonsrike konserten for andre gong. Sist var i 2012.

Desse to kora har ganske stort felles repertoar, som inneber i år ei stor fellesavdeling i tillegg til kora sine særnummer.

Du er velkomen til ein maskulin konsert i Ulstein kyrkje onsdag 3. juni kl. 19.00.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Billettsal i døra før konserten.

Billettpris kr 250,-