Fotball-VM: Noreg - England på storskjerm i Ulstein Arena

Ulstein Arena med flagg

Forestillinger

Henter programmet

Folkefest i Ulstein Arena – bli med og hei fram Noreg!

Saman med IL Hødd og KRIK Ulsteinvik inviterer Ulstein kommune til storskjermvisning av Noreg sin kvartfinale i Idrettshallen i Ulstein Arena!

Ta med familie, venner og supportere i alle aldrar, og opplev den fantastiske stemninga når vi heiar fram Noreg i kampen om ein plass i semifinalen. Dette blir ein skikkeleg fotballfest med storskjerm, godt fellesskap og høg puls frå avspark til sluttsignalet.

Arrangementet er alkoholfritt.

Gratis inngang
Fri aldersgrense

Kiosksal ved Hødd turn.

Kle deg gjerne i raudt, kvitt og blått – så lagar vi folkefest saman!

Velkomen til Ulstein Arena!

Dørene opnar kl. 22.00. Kampstart kl. 23.00.

Billettar
Du kan hente ut billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 0,-

Ved lågt publikumstal kan arrangementet bli flytta til eit mindre lokale. Eventuelle endringar blir annonserte på førehand, og alle med billett får epost om ev. endring.