Nils-Ingar Aadne - Tenk det

Plakat av Nils-Ingar Aadne med teksta Tenk det.

Forestillinger

Henter programmet

Nils-Ingar Aadne, kjend som Nilsi, er klar med ei ny heilaftans standup-framsyning. «Tenk det» er ei framsyning der du heilt sikkert ler, og kanskje også lærer noko.

Kva fryktar vi? Kor lykkelege er vi? Kor mange drikk kaffi med mjølk kvar dag? Kvar er vi på veg? Det siste kan vi bruke eit heilt liv på å finne ut av, men Nilsi tek ein liten status no og gjer opp si meining.

Med utgangspunkt i byrået Ipsos si undersøking Norsk Monitor ser Nilsi på kven vi er, og i kva retning vi går. Han plukkar ut fellesnemnarar og kuriøse detaljar frå ei stor undersøking som blir gjennomført blant den norske befolkninga annakvart år. Alt i den leikne, morosame og sjølvironiske stilen vi kjenner att frå dei tidlegare framsyningane.

I 2015 sette han opp framsyninga «EGO», som handla om seg sjølv og sitt. I 2021 kom «Da var det oss», som handla om å gå frå éin til å bli to, for så å få livet midt i andletet, miste det kjæraste du har og prøve å gå vidare. I «Tenk det» handlar det om oss alle.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 495,-

Lengd: Omlag 75 min utan pause