Jul på Borga

Forestillinger
Henter programmet
Artistane Fredrik Steen & Jorunn Torsheim inviterer til eit splitter nytt show der dei lovar herleg førjulsstemning fullspekka av leik og humor - og ikkje minst briljant musikk! Showet vert òg spela fast på Thon Hotel Ålesund i haust, men den 19. november tek dei turen til Ulsteinvik!
Sunnmøringen Fredrik Steen (57) er ein veteran i den norske underhaldningsbransjen, og har lang og brei erfaring frå både scene, TV og film. Fredrik er som mange veit mannen bak revyfiguren "Hildegunn Moltubakk", men denne gongen må den sprelske husmora pent bli igjen heime.
I staden for tek Fredrik heller med seg sunnfjordingen Jorunn Torsheim (51), ein svært erfaren og allsidig songar og scenekunstnar med bakgrunn frå opera, teater og musikkteater. Jorunn er dotter av den eksentriske kunstnaren Oddvar Torsheim frå Førde, og har nok arva mykje av både galskapen og artisteriet sitt derifrå.
Fredrik og Jorunn har jobba saman med fleire ulike prosjekt tidlegare, men det er først gong dei gjer eit heilaftans show saman.
Piano: Peter Demirov
Bass/gitar: Lars Øverås
Lyddesign: Sverre Walderhaug
Lysdesign: Thomas Mellingen Hanssen
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris kr 545,-