SLT-fagtreff på Sjøborg

Bilde av Sjøborg kulturhus

Forestillinger

Henter programmet

SLT-koordinatorane i Ulstein og Hareid inviterer tilsette, politikarar og føresette til eit aktuelt og lærerikt fagtreff på Sjøborg 13. oktober.

Denne ettermiddagen set vi søkjelys på nokre av utfordringane barn og unge møter i dag, frå ekstremisme og radikalisering til psykisk helse, relasjonar og den viktige samtalen mellom ungdom og vaksne.

Gjennom innlegg frå både nasjonale fagpersonar og lokalt politi får du kunnskap, konkrete råd og nye perspektiv på korleis vi saman kan bidra til trygge oppvekstmiljø for barn og unge.

Billettar
Du kan hente ut billett på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 0,-

Program

  • Kl. 14.00-14.10 Velkomen og kort info om SLT-arbeidet i Hareid og Ulstein ved Vedrana og Silje.
  • Kl. 14.10-14.55 «Trendar i ekstremisme og grep for førebygging» ved Cathrine Thorleifsson, fyrsteamanuensis/forskar ved UiO, leiar i den nasjonale ekstremismekommisjonen, og årets forskingsformidlar i 2024.
    Her kan de lese meir om henne: https://www.sv.uio.no/sai/personer/vit/mariecmo/
  • Kl. 14.55-15.10 Pause (kaffe og frukt i foajeen)
  • Kl. 15.10-161.0 Snakk til meg! – gode grep for ærlege samtalar med ungdom, ved Kirsti Holtmon Resaland.
    Kvifor lukkar nokre barn og unge seg inne, medan andre tør å opne seg? Psykologspesialist Kirsten Holtmon Resaland er ein av landets mest engasjerande formidlarar om ungdom, psykisk helse og gode relasjonar. Ho kombinerer over 20 års erfaring med forskingsbasert kunnskap og historier som treff rett i hjartet. Ho har skrive dei kritikarroste bøkene Helt ærlig og Snakk til meg!, og har særleg engasjement for evnerike barn, angst og autisme. Med varme, humor og fagleg tyngd viser ho korleis vi kan vere dei vaksne ungdom treng, og gir innsikt som både kan utfordre, inspirere og gi nye perspektiv.
  • Kl. 16.10-16.40 Lokalt perspektiv frå politiet ved Arne Sæter (radikaliseringskontakt Møre og Romsdal) og Henrik Vikebakk Sandstad (politikontakt for kommunane Ulstein og Hareid)