Klangar frå eit kontinent - Leikong blandakor

Forestillinger
Henter programmet
Bli med på ei stemningsfull musikalsk reise gjennom det amerikanske kontinentet! Leikong Blandakor inviterer til ein variert og energisk konsert med jazzinspirert musikk frå 1920-talet og fram til i dag.
Kvelden byr på både kjende perler og spennande overraskingar, framført av eit kor med lange tradisjonar og høgt nivå. Med seg på scena har dei eit dyktig orkester med Gunnar Aurdal, Stein Henrik Vartdal og John Inge Leira Bjøringsøy.
Konserten blir leia av dei talentfulle elevane frå musikklinja i Volda, Marit Hovland og Andreas Vinsrygg Vadstein. Dei er konferansierar gjennom kvelden, der Marit også bidreg med dans, medan Andreas løftar stemninga med saksofonspel.
I tillegg vil Maren Elise Haanes Waagan vere med som solist saman med koret, og også framføre eigne nummer.
Dette blir ei ein kveld full av rytme, klang og formidling!
Vel møtt til ein kveld som svingar på Sjøborg!
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris kr 350,-