Jazz og Koral

Forestillinger
Henter programmet
Konserten med Jazz & Koral markerer slutten på ei helg der mange har kjent på saknet etter dei som er borte. Over heile landet held kyrkjene ope denne helga og tek i mot folk som har behov for det. Slik også i Ulstein.
Ensemblet byd også i år på eit variert repertoar med salmar som utgangspunkt. Musikarane i bandet er erfarne utøvarar på sine instrument, og noko som pregar det musikalske uttrykket er at dei stiller med eigne spennande arrangement. I år har Jazz og Koral vore heldige og fått Arnt Ole Grimstad med på laget. Han har i ei årrekke vore med på å prege ulike musikkarrangement i regionen med sin vakre stemmeklang. Arnt Ole er kjend frå fleire kor og grupper, mellom anna SKRUK. Med si djupe og varme røyst, og med si gode formidling vil han saman med musikarane invitere deg til ein musikalsk godtepose første søndagen i november.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris
Voksne kr 270,-
Born/unge/studentar kr 170,-
Med støtte frå kirkerådet tilbyr Ulstein kyrkje eit visst tal gratisbillettar for unge vaksne. Personar i målgruppa kan tinge gratis billett ved å sende e-post til rv254@kyrkja.no med namn og telefonnummer til personane som skal nytte billettane.
Maks 2 billettar per husstand. Først til mølla. Oppgje same namn i døra som i e-posten.