Roland Utbult

Forestillinger
Henter programmet
Fredag 13. november kl. 19.00 kjem den svenske artisten og låtskrivaren Roland Utbult til Ulstein kyrkje. Publikum kan sjå fram til ein nær og stemningsfull konsert med ein av dei mest markante artistane innan skandinavisk kristen musikk.
Roland Utbult har vore artist i over 50 år og har gitt ut ei lang rekkje album og songar. Fleire av songane hans har blitt kjende og kjære for eit stort publikum, mellom anna «Då skal gleden bryta fram», «Till vår Gud», «Till himlen når vår sång», «En sång inom mig» og «Gå framåt med sång».
Til Ulstein kjem Utbult åleine med gitar og piano. Det legg til rette for ein personleg og nær konsert, der songane og historiene får stå i sentrum. Han vil hente fram musikk frå den omfattande produksjonen sin – frå dei tidlege songane til nyare utgivingar.
Gjennom den lange karrieren har Roland Utbult samarbeidd med ei rekkje kjende artistar, musikarar og produsentar. Mellom anna har han samarbeidd med Tore W. Aas og Oslo Gospel Choir, og med Lennart Sjöholm, som også er kjend som produsent for Carola. Utbult har i tillegg stått på scena med den amerikanske gospellegenda Andraé Crouch og markert seg gjennom TV-serien «Minns du sången» og ei lang rekkje konsertar i Sverige og Noreg.
Musikken til Utbult er prega av varme, tru, håp og eit sterkt engasjement for menneske. Han er kjend for å kombinere det personlege og jordnære med tekstar som gir rom for både ettertanke og glede.
Konserten i Ulstein kyrkje blir eit sjeldan høve til å oppleve Roland Utbult i eit enkelt og nært format – berre med stemma, gitaren, pianoet og dei mange songane han har skapt gjennom eit langt artistliv.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris kr 275,-
Arrangør: Sponders