Seniorfest

Seniorfest Ulstein 2026

Forestillinger

Henter programmet

Ulstein frivilligsentral og Ulstein frivilligsentral UNG, saman med unge arrangørar, frivillige og ungdom frå valfaget "Innsats for andre" ved Ulstein Ungdomsskule, inviterer til Seniorfest.

På programmet blir det innslag frå brørne over alle brør, gründerane Åge & Magne Grimstad.
Dei tek oss med på ei reise fylt med humor, ettertanke, lokalhistorie og verdsbegivenheiter, med tittelen “1984 - Eit historisk tilbakeblikk frå Ulsteinvik og verda.”

Det blir også eit gledeleg gjensyn med Odd Kåre Wiik. Odd Kåre er kjent for sitt engasjement rundt lokalhistorie og -kultur, og er ein aktiv formidlar med både glimt i auge og humor. I år kjem han med fleire gode historier på lager i “Liv og røre på søre”, så dette blir verdt å få med seg.

Det blir også fleire musikalske innslag frå flinke ungdommar.

Mellom innslaga vil det bli servert varm mat, kaffi og kaker, og det blir også loddsal med kjekke premiar.

Arrangementet kostar i år 100 kr per deltakar.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 100,-

Billettar i sal frå tysdag 13. oktober kl. 12.00

Det er lurt og vere rask om ein vil sikre seg plass, då det blei venteliste i fjor. Arrangementet er primært for seniorar i Ulstein kommune, men vi opnar opp for andre om det er plass.

Velkomen!