Erika Fatland: Ukraina - En vinterreise

Bilde av Erika Fatland med boka Ukraina.

Forestillinger

Henter programmet

Erika Fatland har hatt eit nært forhold til Ukraina sidan ho første gongen besøkte landet for over 20 år sidan. No har ho oppheldt seg ein lang vinter saman med eit folk i krig.

I foredraget «Ukraina - En vinterreise» tek den bestseljande forfattaren publikum med på ei personleg reise gjennom landet og fortel om menneska ho møtte undervegs.

Frå Kharkiv og Kyiv til fjella i vest skildrar ho kvardagsliv i krigstid, og møter menneske som prøver å halde på det vanlege livet under vanskelege vilkår. Med utgangspunkt i den boka formidlar Fatland ei sterk forteljing om Ukraina og menneska som bor der.

Arrangør: Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Ordinær kr 270,-
Medlemmar Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid kr 220,-