Førjulskonsert med Holy Ghost Band og gjestar

Forestillinger
Henter programmet
Det blir mange stemmer, mykje musikk og stor spennvidde når Holy Ghost Band inviterer til førjulskonsert på Sjøborg torsdag 10. desember klokka 19.00. Med seg har bandet Frid og glede, Asle Eiken, André Leikanger, Nadia Demirova og Zari Demirova Natvik.
Holy Ghost Band lovar ein variert kveld der publikum får oppleve både rolege og nære augeblikk, kraftfulle låtar og mykje speleglede.
– Vi har hatt lyst til å lage ein konsert der det skjer litt ekstra. Når vi får med oss så mange flotte gjesteartistar, blir det både variasjon, overraskingar og mykje god musikk på same scene, seier bandet.
Gjesteartistane Frid og glede, Asle Eiken, André Leikanger, Nadia Demirova og Zari Demirova Natvik vil alle setje sitt preg på kvelden.
For Holy Ghost Band handlar konserten også om å skape ei god stund midt i ei travel førjulstid.
– Det er mykje som skal ordnast i desember. Då kan det vere godt å setje seg ned, gløyme handlelister og juleførebuingar ei lita stund og berre nyte musikken. Det er den kjensla vi håpar å skape på Sjøborg.
Publikum kan vente seg eit musikalsk program med stor spennvidde og fleire ulike uttrykk gjennom kvelden.
Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).
Billettpris kr 250,-