Linda Eide | Livet er iet språksjov

Linda Eide Språksjov

Forestillinger

Henter programmet

Linda Eide er mildt sagt opptatt av språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen. No har ho skrive bok om det, og laga sjov om det.

Om framsyninga
Bli med inn i Linda sitt språkunivers, og få forteljinga om kva språket har gjort med henne. Heng med frå barndom til språksjov. Frå Fattern sitt sjømannsspråk til Besto sin svarabhaktivokal. Frå han Knut under bakken til ho Peranna på Høgde. Frå Linda er super til verre enn horer i havsnød. Frå journalistutdanning til sparken på dagen.

Dette er scener frå eit språkliv – til glede, sinne, trøyst, og rett som det er, berre blott til lyst.

Linda Eide har arbeidd som journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i over tre tiår. Ho er programleiar, forfattar, foredragshaldar og språksjovar. Ho har mottatt ei rekke journalist og språkprisar for arbeidet sitt. Særleg kjend er ho for Eides språksjov, fjernsynsprogrammet som i tolv sesongar gjorde språk til laurdagsunderhalding på NRK.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 430,-

Arrangementet er i samarbeid med Quality Hotel Ulstein. Det vert høve til å kjøpe forfriskningar til å ta med i salen.