Vekslepenger / Teatret Vårt

Plakat for Vekslepenger

Forestillinger

Henter programmet

Jo Nesbøs krimunivers inntar teaterscena!

Fem menneske. Eitt bankran. Og ein mistanke om at nokon har tysta. Kven kjem levande frå dette?

Bankranet er nett gjennomført. I eit kjellarrom bak ein restaurant samlast fem personar som alle har vore involverte. Det er noko som ikkje stemmer. Politiet veit meir enn dei burde, og ein politietterforskar verkar oppteken av å finne dei. Har nokon tysta? Og kven kan eigentleg stole på kven?

Bak ranet skjuler det seg svært ulike motiv. Etter kvart som mistanken veks, blir det stadig vanskelegare å vite kven som snakkar sant. Alle har sine løyndommar, men ingen kjenner heile sanninga.

Vekslepengar byr på ekte Nesbø-krim: psykologisk spenning, uventa vendingar og moralske gråsoner. Og sjølvsagt vald, blod og pistolar.

Jo Nesbø er ein av Noregs mest suksessrike forfattarar, kjend for dei nervepirrande krimforteljingane sine og dei uforutsigbare plotta. For aller første gong har han skrive ei krimforteljing spesielt for teaterscena.

Lengd omlag 75 min.

Av Jo Nesbø

Bearbeida av Nils Petter Mørland
Regi Nils Petter Mørland
Scenograf og kostymedesigner Monica Valsø
Lysdesigner Jonas P A Fuglseth
Lyddesign og komponist Håvard Gressum Antonsen

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).